Back to All Events

Gleipnir - Frikar Dansekompani

Terje Isunghset have composed new composed music for Frikar Dance Ensemble.

TAU OG FOLKEDANS INSPIRERT AV NORRØN MYTOLOGI

Koreografane og dansarane Naomi Bratthammer og Hallgrim Hansegård vil i lag med komponist og musikar Terje Isungset skapa ei suggererande danseframsyning for unge vaksne der me bruker myten om Fenrirulven til å betre forstå vår indre kamp mellom lidenskap og grådigheit.

Naomi Bratthammer

Naomi Bratthammer er ein pionér innan sirkusdisiplinen “kontakttau”. Scenekunstnarar som deler på eit hengande tau kombinerer teknikkar som kontaktimpro, floorwork, partnerakrobatikk, tauakrobatikk (corde lisse) og Spanish web. Resultatet er like mykje dans som sirkus. 

Hallgrim Hansegård

Hallgrim Hansegård har utvikla den norske folkedansen som koreografisk kunstform og er i ferd med å skrive bok om nordisk dans frå steinalder til kristninga. Denne researchen bruker han til å forme eit animistisk og rytmisk dansespråk inspirert av eldre, nordisk historie. 

Terje Isungset

Terje Isungset er ein av våre fremste komponistar og har i spesialiseringa si skapt sin eigen sjanger av ismusikk og instrument av natur. Han har laga musikk til utallige danse- og teaterframsyningar og har god kjennskap til norsk folkemusikk. I “Gleipnir” vil han bidra med konseptuelle tankar, kontemporært lydbilde og folkemusikalsk timing. 

Mathias Grønsdal: Sound Design

Den kunstnarlege ambisjonen er å bruke dans og sirkus til visuelle metaforar for psykoanalytiske tolkingar av norrøn mytologi rundt temaet grådigheit. 


Me ynskjer at Gleipnir kan ta ei form som motiverer unge, vaksne til å tenke og kanskje snakke om tema i menneskeleg psykologi som er vanskelege. Gjennom kunstnarlege uttrykk, ettersnakk og verkstadar håper me å auke kunnskapen rundt kva som er skjult i mytologiane av tidlause erfaringar om menneskesinnet.

Koreografisk vil me spela på rytmisk repetisjon i endring over tid med bruk av sentrifugale krefter som beveger. 

Gleipnir blir produsert i Norge, Spania, Svergie og Grønland av FRIKAR og kombinerer teknikkar som folkedans og tauakrobatikk. Målet er å turnere Gleipnir på den europeiske nysirkusmarknaden så vel som folkemusikk - og scenekunstfestivalar. 

Prosjektet er førebels støtta av Kulturdirektoratet, SPENN, Fjelldansen koreografiske senter og SPRANG landsdelsscene for dans. 

Co-produsert av Riksscenen og i samarbeid med SPRANG, Ål Kulturhus.
Produksjonen er støttet av Norsk Kulturråd.

https://www.frikar.com/no/kompani/verk/gleipnir/